The Beatles

The Beatles News

The Beatles
George HarrisonJohn LennonPaul Mccartney
  • 📰 smpno
  • ⏱ Reading Time:
  • 229 sec. here
  • 11 min. at publisher
  • 📊 Quality Score:
  • News: 116%
  • Publisher: 51%

Allereie i åtte-ni års alderen var vesle Ola så miljøskadd at han sende inn eit plateønske til NRK Møre og Romsdal der han bad om å få høyre dei to Beatles-låtane «Love me do» og «She loves You».

Allereie i åtte-ni års alderen var vesle Ola så miljøskadd at han sende inn eit plateønske til NRK Møre og Romsdal der han bad om å få høyre dei to Beatles-låtane «Love me do» og «She loves You».Vi har akkurat sett oss ned i stova i Ørsta.

I bakgrunnen står det på ein radio. Svakt. Den forstyrrar oss ikkje. Nyheitene er snart ferdige. Og kva skjer då? Tilfeldig eller ikkje? Dei spelar Beatles. «A Hard Day`s Night». Kanskje ikkje så oppsiktsvekkande, for det viser seg etter to minutt og 34 sekund at programleiar er Bård Ose, ein stor fan av Liverpool-bandet, og forfattar av ei bok nettopp om The Beatles. Eit eksemplar av boka ligg på stovebordet framføre oss, med personleg helsing frå Bård Ose. Til Ola Lingås. Når ein er skikkeleg hekta på noko, blir det oftast også ei samling. Ola Lingås har sin del, av slikt som LP-plater, CD-ar, bøker, blad, filmar, puslespel, bilete, gateskilt, Beatles-musematte, autografar – og ikkje minst opplevingar.Foto:– Eg har vore to gonger på konsert med Paul McCartney – i 1994 og 2004. Det er han eg har følgd mest frå eg var liten. Då Ola vart 40 år, stod eit besøk til Liverpool på programmet, sjølvsagt med overnatting på Hard Day´s Night Hotel. Det vart også guida Beatles-rundtur i byen ved Merceyside, med innlagt besøk så vel ved grava til Elanor Rigby – kvinna som Beatles syng om – til klubben The Cavern som var staden der bandet slo igjennom.– Liverpool FC, då? Dei raude? – Nei, dei blå er mitt lag. Det var eit naturleg val etter at eg fekk vite at Paul McCartney var Everton-fan.På første halvdel av 1960-talet kunne pent pynta unge menn i Liverpool først gå på fotballkamp, og deretter stramme slipsknuten for så å høyre på The Beatles nede på The Cavern. Der var det alltid jenter, også.Han har forresten også vore på Beatles-oppdagingsferd i London. – Eg kjende at eg fekk gåsehud då eg gjekk over fotgjengarfeltet i Abbey Road. Det ein ser på platecoveret, der dei fire går over.På biletet går Paul berrføtt, som av fleire vart tolka som eit signal om at han var død. Det var sjølvsagt berre tull, slår Ola fast.– Eg trur dei hadde gått lei av kvarandre. At dei var leie av The Beatles. Dei ville gå kvar sine vegar. Og det gjorde dei også, sjølv om John Lennon si karriere vart kort. Han vart skoten og drepen allereie i 1980. 21 år seinare døydde også George Harrison – av sjukdom. Så no er det berre Paul og Ringo att.Kunnskap om favorittbandet sitt skaffar Ola seg mellom anna frå ulike blad.– Gjerne når eg skal kose meg og kople heilt av. Dessutan høver Beatles godt til å ha på øyra når eg gjer husarbeid. Ola er gift med Annike Øye Lingås. Vigselen fann stad i Ørsta kyrkje. Så vi undrar sjølvsagt på musikkvalet i kyrkja den gongen i 2004.Bård Ose har skrive bok om The Beatles, og Ola Lingås har sikra seg eit signert eksemplar.– Nei, ha ha. Men det skulle han kanskje ha gjort. For eg var svært nervøs. Så det hadde vore ein god idé. Men på bryllaupsfesten etterpå vart det ein god del Beatles. Bård Lødemel stod for musikken og visste kva eg likte. – Og forresten, hadde det ikkje vore for Anikke, så hadde det aldri blitt nokon Liverpool-tur. Ho er dyktig i engelsk og ordna alt. Også er ho tolmodig. Du må ta med det, spelar Ola inn.– Nei, eg har ikkje greie på notar og tonar, så eg nøyer meg med å høyre på at andre spelar.På stovebordet ligg ein bunke med LP-plater som The Beatles har gjeve ut. Vi spør Ola om kva som er favorittplata:– Eg trur eg svarar «Revolver». Men «Rubber Soul» er også utruleg fin. Nei, dette var eit vanskeleg spørsmål, seier han ein gong til – og så ramsar opp endå fleire Beatles-plater. Pete Best var trommeslagaren som vart kasta ut av The Beatles allereie i 1962, året før dei verkeleg slo igjennom. Pete Best lever framleis.– Eg tenkte du kom til å spørje om akkurat det. Så det har eg førebudd meg litt på, og bestemt meg for å svare «For no one». Det er ein utruleg fin låt, skriven av Paul McCartney. Du finn han på «Revolver»-plata frå 1966.– Eg følgjer med på nettet, på auksjonar – men prisnivået på mykje av det eg kunne ha tenkt meg ligg langt over det eg er i stand til å betale.– Nei, slett ikkje. Eg høyrer også på anna musikk, men aller helst på musikk frå 1960- og 70-talet. Der er det mykje bra. Miniatyrutgåve av eit gateskilt. Ola har eit mykje større på husveggen. Abbey Road er namnet på gata der platestudioet deira låg i London og også namnet på ei av platene.Ola jobbar på Grøvik Verk i Ørsta, bedrifta som lagar takrenner. På jobb har han ofte på øyreklokker med radio. På den måten får han med seg mykje musikk også på jobb. – Når dei spelar Beatles på radioen nyttar det ikkje for kollegaene mine å snakke til meg. Då må eg først høyre ferdig låten, seier Ola Lingås med eit smil.Ola Lingås med autograf og bilete av Ringo Starr, trommeslagaren The Beatles.

We have summarized this news so that you can read it quickly. If you are interested in the news, you can read the full text here. Read more:

smpno /  🏆 23. in NO

George Harrison John Lennon Paul Mccartney Ringo Starr Ørsta Liverpool

 

United States Latest News, United States Headlines

Similar News:You can also read news stories similar to this one that we have collected from other news sources.

Liverpool måler ikke Wirtz på mål og assistsLiverpool måler ikke Wirtz på mål og assistsDe beste ligaene i Europa. Fra Norge. For deg.
Read more »

Haaland i fokus: Storkamp mot Liverpool og VM-drømmen for NorgeHaaland i fokus: Storkamp mot Liverpool og VM-drømmen for NorgeErling Braut Haaland er i fokus når Manchester City møter Liverpool, samtidig som Norge forbereder seg på viktige kamper i VM-kvalifiseringen. En analyse av Haalands betydning for både klubb og landslag, og forventningene til den kommende perioden.
Read more »

Haaland-show da Manchester City knuste Liverpool – VAR-kontrovers i kampenHaaland-show da Manchester City knuste Liverpool – VAR-kontrovers i kampenErling Braut Haaland scoret og dominerte for Manchester City i en overbevisende seier over Liverpool. Kampen ble også preget av en kontroversiell VAR-avgjørelse som skapte debatt. Samtidig forbereder det norske landslaget seg på en skjebneuke i VM-kvalifiseringen.
Read more »

Haaland scoret igjen i Guardiolas jubileumskamp – City knuste LiverpoolHaaland scoret igjen i Guardiolas jubileumskamp – City knuste LiverpoolI sin 108. ligakamp for Manchester City bommet først Haaland på straffe – men slo raskt tilbake med sitt 99. mål i Premier League.
Read more »

Haaland og Manchester City vant gigantoppgjør mot LiverpoolHaaland og Manchester City vant gigantoppgjør mot LiverpoolErling Braut Haaland scoret og Manchester City beseiret Liverpool 3-0 på Etihad. Liverpool fikk et mål annullert, noe som utløste sterke reaksjoner. Jérémy Doku sto for et spektakulært mål for City.
Read more »

Haaland scoret igjen i Guardiolas jubileumskamp – City knuste LiverpoolHaaland scoret igjen i Guardiolas jubileumskamp – City knuste LiverpoolI sin 108. ligakamp for Manchester City bommet først Haaland på straffe – men slo raskt tilbake med sitt 99. mål i Premier League.
Read more »



Render Time: 2026-04-01 09:06:13